Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Tilbod > Tinging/reservering

Tinging/reservering

Dersom boka du søkjer allereie er utlånt, kan du leggje inn ei reservering – du vil då få beskjed når den er klar til avhenting, på sms, e-post eller vanleg post. Vi anbefaler e-post eller sms, for då får du melding straks, og ikkje etter fleire dagar.
Merk: Vi sender gjerne bestillinga med Bokbussen.

Du kan sjølv søkje etter bøker i vårt katalogsøk eller bestille via Bibliofil-appen.

Om det passar betre, kan du ringje til biblioteket (53 48 27 70) eller sende oss ein mail (bibliotek@kvinnherad.kommune.no).

Biblioteksøk – Lån overalt, levèr overalt med nasjonalt lånekort!

Finn du ikkje bok i søket til Kvinnherad bibliotek kan du søke i andre bibliotek her i biblioteksøk

Biblioteket vil gje deg beskjed når boka er komen. Spør personalet om det er noko du lurar på.