Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Tilbod

Tilbod

På biblioteket har vi eit mangfald av tenester og tilbod. Du kan sjølvsagt låne bøker, filmar og anna materiale, men du kan også nytte internett, kopiere, scanne, bruke grupperom, gjere lekser, møte vener og spele spel – berre for å nemne noko. I menyen finn du ei oversikt over våre tilbod og tenester. Oversikt over dei mange arrangementa våre finn du i menyen «Kva skjer».

Eit bibliotek med stor takhøgd

Kvinnherad bibliotek er eit bibliotek med stor takhøgd, både mentalt og konkret. Verdiar som står høgt i biblioteket er demokrati, ytringsfridom og uavhengighet. Det er også viktig å vise respekt for kvarandre når vi bruker biblioteket.

Pin-kode

Pin-koden bruker du til å låne bøker o.a. materiale på automaten. Du treng også pin-kode for å logge deg inn på mine sider i «Mappa mi», der du kan fornye og reservere bøker.

Har du mista pin-koden, kan du få ny pinkode her 

Betal purregebyr i «Mappa mi»

Har du uteståande purregebyr, kan du betale dette via «Mappa mi«, men det krev at den banken du brukar har Bank Access.