Om biblioteket

Velkommen til Kvinnherad bibliotek - eit bibliotek med stor takhøgd! Alle er velkomne på biblioteket, og vi håper du vil trivas hos oss. Ta kontakt om det er noko du lurar på, treng hjelp, eller ynskjer å samarbeide med oss. På denne sida vil vi legge ut nyhende som statistikk, prosjekter og samarbeid.

Felles fagdag for bibliotektilsette i Sunnhordland

Sunnbibdagen Knut RageFredag 30. april arrangerte Kvinnherad bibliotek ein felles fagdag for tilsette ved biblioteka i Sunnhordland. Då hadde vi m.a. besøk av Ole Ivar Storø frå Foreningen Les, som hadde to inspirerande og nyttige føredrag, eitt om formidling og eitt om ungdomsslitteratur. I tillegg var det gruppearbeid med idéutveksling. Alt i alt ein veldig kjekk dag, med både fagleg og sosialt innhald.