Få lånekort

Alle kan få lånekort og det er gratis å låne. Velkommen som lånar på biblioteket.

Skjema for bibliotekkort– skriv gjerne ut og lever på biblioteket eller bokbussen, så får du eit bibliotekkort. Merk: personar under 14 år må ha underskrift av føresette

Bibliotekkort INNMELDING BARN

Bibliotekkort INNMELDING VAKSNE pdf

Lånereglar for hovudbiblioteket på Husnes og bokbussen: 

  • Bibliotekkortet er gratis for alle..
  • Vis legitimasjon ved innmelding
  • Du kan velje mellom eit lokalt og eit nasjonalt lånekort. Det lokale kan du berre bruke på Kvinnherad Bibliotek, medan den nasjonale kan du bruke over heile landet. Skal du ha nasjonalt lånekort, må du opplyse om personnummeret ditt.
  • Alle personar under 14 år må ha underskrift frå føresette for å få bibliotekkort.
  • Hugs å melde adresseendring
  • Misser du lånekortet, kostar eit nytt 25,
  • Lånetid for bøker, lydbøker og tidsskrift er 4 veker. Dvdar kan du berre låne 1 veke.
  • Du kan fornye alle lån dersom det ikkje er venteliste. Det kan du gjera på telefon (53 48 27 70), på heimesida (www.kvinnheradbibliotek.no) eller via appen «Bibliofil».
  • Dersom du ikkje held lånetida, vert det gebyr og eventuelt erstatningskrav. Purregebyret  er på kr 25,- per varsel for lånarar over 14 år. Når samla purregebyr er på kr 100,- vert lånekortet sperra til gebyret er betalt. Etter 3. purring vert det sendt rekning. Purregebyret kan du betale i skranken eller i «Mappa mi» (krev Bank Acess)

 

Norgeslån  Lån overalt, levèr overalt med nasjonalt lånekort!

I Bibliofil kan du bruke eit regionalt samsøk og oppdage fleire titlar som er av interesse. I dei fleste tilfelle kan du låne denne tittelen frå eigarbiblioteket og hente boka på ditt eige bibliotek. Logg deg inn i «Mappa mi», søk opp aktuell tittel eller aktuelt emne og klikk på eit bibliotek som har boka. Vel så kva for bibliotek du ynskjer å hente boka på og klikk «Reserver/hald av». Finst boka på ditt eige bibliotek, får du melding om det. Når bestillinga er sendt, får du ei stadfesting, og bestillinga vil visast i «Mappa mi» saman med eventuelle andre bestillingar og lån.

Biblioteket vil gje deg beskjed når boka er komen. Spør personalet om det er noko du lurar på.

Merk: Biblioteka kan ha forskjellege dataprogram, så det er ikkje sikkert at tjenesta er tilgjengeleg i alle bibliotek