Bokbussen

Bilde1Bokbussruta Haust  2017

bokbuss-var-2017-framside-20-12-ny

No er den nye bokbussruta klar. Velkommen til bokbussen i haust.

Om bokbussen

Bokbussen er eit bibliotek på hjul. I tillegg til bøker, har bussen med seg filmar, lydbøker, musikk og tidsskrift. Bøker du ikkje finn på bokbussen, kan bibliotekaren skaffa. Alt utlån er gratis og vanleg lånetid er 4 veker på bøker og lydbøker, 2 veker på musikk og dvdar.  Lånetida kan forlengjast dersom ingen andre står på venteliste. Lånekort får du på bussen. Det same kortet kan brukast på biblioteket på Husnes. Hugs å ta med kortet kvar gong du vil låne. Bokbussen har eigne åpningstider som følgjer bokbussruta (sjå link i sidemenyen til venstre).

Bokbussen er innom 16 skular og 14 barnehagar. Den har også fleire stopp i dei ulike bygdesentra i kommunen. Bussen bringer og henter depot av bøker og lydbøker på aldersheimar og helsestasjonar. Bokbussen i Kvinnherad har eit veldig høgt utlån, i gjennnomsnitt 3000 pr månad den er på vegen. I 2015 hadde  den eit utlån på over 33 000.  Bokbussen følger skuleruta og køyer dermed ikkje i skuleferiane. Besøket i dei månadane den er på vegen er ca  1600 pr månad. Kvinnherad kommune er ein stor og langstrakt kommune, og er som skapt for bokbussdrift. Det er ingen filialar igjen. Det er kun hovudbibliotek på Husnes og bokbussen som gir alle bygdene eit bibliotektilbod. Bokbussen vår er 23 år gamal, er tung å køyre og overmoden for utskifting. Gleda var derfor stor då det vart klart i desember at politkarane vil bevilge pengar til kjøp av ny bokbuss i 2016

Tinging av Bokbussen til ulike arrangement.

Bokbussen kjem gjerne på festival. Ynskjer du å ha Bokbussen til stades på ditt arrangement, ta kontakt med Kvinnherad bibliotek på telefon 53 48 27 70 eller e-post bibliotek@kvinnherad.kommune.no.

Bokbussruta haust 2016