Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Les eit dikt!

Les eit dikt!

AKTUELTpublisert 19.03.2020

I krisetider kan det poetiske språket få ein særleg funksjon for å beskrive det vi kjenner. 21. mars er Verdas poesidag. Her får du tips til poesi om å vere åleine saman, og om vennlegheit og vilje til å ta vare på kvarandre. Dikta finn du mellom anna i Nasjonalbiblioteket si digitale Bokhylla.

Verdas poesidag

Verdas poesidag vert markert kvart år over heile verda.

Eit dikt kan skildre noko personleg som kan bli allment. Her er eit døme med den svenske diktaren Tomas Tranströmer og det kjende diktet «Romanska bågar».

Det vi opplever i desse dagar, inspirerer folk til å skrive nye dikt. Som Arne Torget frå Kvinnherad har gjort, om ein gong i framtida når koronaviruset ikkje vil påverke oss like mykje: «Han kjem den dagen».

Utvalet vidare i teksten er frå den digitale Bokhylla til Nasjonalbiblioteket.

I krisetider kan det poetiske språket få ein særleg funksjon for å beskrive det vi kjenner. Vi vert tekne ut av det daglege og må leite etter orda.

«Men hvem sa at dagene våre skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?»
Frå diktet «Landet som ikke var» av Kolbein Falkeid.

Åleine og saman

Å vere «sosialt isolert» høyrest ikkje bra ut, men er naudsynt no. Og vi kan kjenne på det å vere avstengde frå andre i verda. Det er lov å gå ein tur, men det må skje utan nærkontakt med andre vi møter.

Arild Nyquist skriv med humoristisk vri i diktet «Ensomhet» at det kan vere greitt med litt einsemd, men nokre gongar har han: «…ensomhet nok for et helt orkester!»

Om vi kjenner det slik, er det å håpe at vi kan finne mot til å ta kontakt med andre, og at vi har nokon å snakke med. Anten det er heime, ved å ta ein telefon, eller på andre måtar dele tankar og gjerne eit dikt?

Av og til kan det vere godt å ha tid på eiga hand. Kan hende kjenner vi ikkje oss så åleine heller. I boka «Vingenatt : engelskikkelsen i europeisk poesi fra det 20. århundre», finn vi dikt om å ha ein slags usynleg følgesvein i livet. Nokon vil kalle det ein engel. Andre kan sjå det som ei livskraft, noko eksistensielt, der vi finn omsorg og støtte i det som finst.

Rolf Jacobsen skriv i diktet «Skytsengelen»:

«Jeg er fuglen som banker på vinduet til dig om morgenen
og følgesvennen din, han du ikke kan vite
blomstene som lyser for den blinde.

Jeg er brekronen over skogene, den blendende
og malmstemmene fra katedralenes tårn.
Tanken som plutselig faller ned om dig midt på dagen
og fyller dig med en besynderlig lykke.»

Foto av Greg Rakozy, henta frå Unsplash

Reiner Maria Rilke skriv i diktet «Min engel» at han prøvde først å halde engelen nede, men i andre strofe slepp han engelen fri:

«Så gav jeg ham en himmel å heve
og han gav meg rommet han lettet forlot.
Han lærte å sveve. Jeg lærte å leve.
Så kunne vi møtes på like fot.»

Årstidene skiftar, vinter vert til vår og sommar. Nærheit til naturen kan skape samkjensle med det som er rundt oss. Så kan vi håpe på gode gjensyn med kyst og svaberg til sommaren.

«Alt er så nær meg
denne velsignede dag.
Svaberget ligger
åpent med rolige drag.
Havbrisen vugger vennlig
den duftende tang.
Alt er så nær meg
ennå en lykkelig gang.»

Frå diktet «Alt er så nær meg» av Inger Hagerup.

Vennlegheit og vilje

Når vi no isolerer oss for å unngå smitte med koronavirus, gjer vi det både for vår eigen del og for å ta vare på menneske rundt oss, eldre og andre.

Slik som Halldis Moren Vesaas skriv i den første delen av diktet «Tung tids tale» som kom ut i 1945, prega av krigen sine hendingar.
«Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.»

Hans Børli formulerer i diktet «Ett er nødvendig» om å
«Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen».

Og i diktet «Viljen» av Åse-Marie Nesse skriv ho at viljen er:
«…rødstrupens song blant kanonar
Den held mennesket oppreist i motvind».

Tekst av Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland. Framheva bilete av Aaron Burden, henta frå  Unsplash.