Teater:

Teater: «Tre bøtter til Vaskepott»

Arrangement

Velkommen til eit artig gjensyn med teatergruppa Krabatene frå Bergen.

Dato / tid
25.11.2017, 13:00 - 13:45


Vaskepott er ei forheksa prinsesse. Før var ho Askepott som elska å vaske og stulle og stelle i huset. Like før ho skulle gifte seg med eventyrprinsen kyssa ho ein magisk frosk og blei til si store glede trollet om til ei vaskeekte kjerring. Viss ho no ikkje klarer å få tak i tre bøtter innan kl. 12 vert trolldommen oppheva, og hun blir prinsesse til evig tid – skrekk og gru! Hjelp kjem frå uventa hold.

Ei tøysete og morosam førjulsframsyning med musikk, humor og fornøyelege situasjonar.

Passar for barn frå 3 år og oppover. Varar i ca:  40 min. Gratis.