Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Arrangementer > Strikk og lytt
08.12.2021 Kl. 12:00
Strikk og lytt
Arrangement

Vel møtt til ei roleg stund med høgtlesing for vaksne.

Dato / tid
08.12.2021, 12:00, - 12:45

Lyst til å gjere noko koseleg i lunsjen? Ta deg ein tur på biblioteket, ro ned og lytt til bibliotekaren som les høgt for deg frå dikt, noveller eller roman-utdrag. Slapp av med strikketøy eller fargelegg eller teikn noko. Vi har teiknesaker til låns. Eller du kan berre lytte og kose deg med kaffe/te og noko å bite til.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Men målgruppa er vaksne.

Enkel servering.
Arrangementet er i samarbeid med Mental helse Kvinnherad.