Russsiske imperium - føredrag med Kåre Johan Mjør

Russsiske imperium – føredrag med Kåre Johan Mjør

Arrangement

Biblioteket inviterer til bokkveld! Kåre Johan er forskar/filolog og idèhistorikar med Russland som kompetanseområde.

Dato / tid
25.01.2018, 18:00 - 19:15


Foto: Cappelen Damm

«SKAL DU LESA BERRE EI RUSSLANDS-BOK I ÅR, VIL EG TILRÅ KÅRE JOHAN MJØR.»
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

Mjør bur på Stord og er tilknytt Uppsala Universitet. Han har mellom anna publisert ei rekkje artiklar, både på norsk, engelsk og russisk, vore ein aktiv bidragsytar til nettleksikonet Allkunne.no, held kurs i akademisk skriving for Høgskulen på Vestlandet. Kåre Johan har i tillegg vore tilsett ved den norske ambassaden i Moskva. Det er altså ikkje reint lite denne karen kan skilta med.

Russiske imperium (Cappelen Damm: 2017) er den fyrste bokutgjevinga på norsk.  Forfattaren kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.

Vi ser fram til å ta del i kunnskapen hans, og gler oss stort til besøk!

Bill. 50,-