Gamal vin møter ny: Kaldestad og Birkedal

Gamal vin møter ny: Kaldestad og Birkedal

Arrangement

NB: ny dato- 18. april! I dette første forfattarmøtet i biblioteket sitt prosjekt " Gamal vin møter ny" har vi invitert Per Olav Kaldestad til å trekke fram ein yngre forfattar som han meiner høyrer heime i ein framtidig norsk kanon. Han har valt seg ut Arnt Birkedal. På arrangementet på biblioteket vil publikum særleg bli kjent med Arnt Birkedal sitt forfattarskap i samtale med Per Olav Kaldestad. Prosjektet er støtta av Fritt ord.

Dato / tid
18.04.2018, 18:00 - 19:15


Arnt Birkedal

Om Arnt Birkedal:

Arnt Birkedal er fødd i Stavanger i 1959. Heilt frå debutboka Balladen om hålet i dørå (1983) har han berika oss med oppglødde dikt, songar og forteljingar – lystig, alvorleg, andektig. Han er blant dei viktigaste norske forfattarane som debuterte på 1980-talet.

Birkedal har gitt ut ei rekkje bøker med dikt, songar, gjendiktingar (bl.a. rock- og poptekstar av klassikarar som John Lennon og Bob Dylan) og forteljingar.

 

Om Per Olav Kaldestad

Per Olav Kaldestad (foto: June Witzøe)

Fødd i 1947 på Husnes i Sunnhordland og bur på Stord. Forfattar av bøker i alle sjangrar for både vaksne og born.  Debuterte i 1973 med diktboka Kikkert. Han har arbeidd mykje i faste former, og har bl.a. gitt ut ei bok med songar, Når du held om ein draum (1983) og to bøker med sonettar, I skuggeland (1977) og Oktober (1993), den siste med teikningar av Rolf Monsen. Siste diktboka hans for vaksne er Dagen er her den dag eg vil, med maleri av Rolf Monsen (2013), og siste barneboka er den poetiske forteljinga Dronninga kallar, illustrert av Hilde Kramer (2016). Ei samling av dikta hans for born frå 1990 til 2004 blei utgitt i 2017 under tittelen Når sola kjem dettande inn. I tillegg er gjendikting er ein sentral del av forfattarskapen