Forteljarteater: Fuglen og det kjempestore egget

Forteljarteater: Fuglen og det kjempestore egget

Arrangement

Likar du å høyre forteljingar og eventyr? Denne laurdagen kjem den erfarne forteljaren Marianne Stenerud på besøk til biblioteket.

Dato / tid
03.02.2018, 12:00 - 12:45


Ho har med seg eit stort eventyregg, fullt av forteljingar av alle sortar: søte og gode, spennande og bittelitt skumle, vakre, stygge, store, små, lange og korte, gamle og nye eventyr. Kanskje får du også høyre forteljnga om korleis ho fekk tak i egget? Marianne Stenerud er ein dyktig forteljar som veit å fenge sitt publikum!

Framsyninga passar både for små og store. Frå 4 år og oppover.

Varer ca. 40 minutt.