«Djup jord» – forteljarteater

Arrangement

Velkommen forteljarteater med Johanne Øvstebø Tvedten på Kvinnherad bibliotek.

Dato / tid
18.10.2017, 18:00 - 19:00


«DJUP JORD»

Ei forteljeframsyning bygd på Jens Tvedt sin roman med same namn.

«… barmane bankar og draumane er store, men kjærleiken sine kår er små», skriv Jens Tvedt. Slik var det for prestedottera og gardsdrengen i Sævargard som Tvedt fortel om. Han bygde boka si på ei sann historie frå 1830-åra på Stord den gongen Eric Olsen var sokneprest.

Johanne Øvstebø Tvedten er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum, og har besøkt Kvinnherad bibliotek før. Fortelijinga varer omlag 50 min.

Enkel servering. Gratis.