Digg på menyen

Digg på menyen

Arrangement

Velkommen til eit smakfullt foredrag med Anders Totland knytt til kokeboka DIGG. Og kanskje vert det ein smaksprøve også...

Dato / tid
27.09.2017, 19:00 - 20:00


Digg. Kokk: Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Ein gong skulle Anders Totland bli stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelera på. Saman med fotografkamerat og kollega Marius Knutsen deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.

I kokeboka DIGG finn me alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med nokre heilt eigne krydder frå hagen. Kokeboka DIGG, og arbeidet i kjøkenhagen, dannar utgangspunktet for Totland sitt matnyttige foredrag i biblioteket.

Gratis og ope for alle.