Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Sommarles 2021

Sommarles 2021

AKTUELTpublisert 24.05.2021

Sommarles startar 1. juni. Meld deg på her: https://sommarles.no/

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!

Sommarles-turné på bokbussen

I veke 22 og 23 besøker skodespelar Adele Duus Lerum alle skulane i Kvinnherad med ein spesiallaga sommarles-turné. Her er oversikten over turneen

Regnskog på biblioteket

Ta turen innom biblioteket i sommar .. kanskje treff du Asbjørn og Astrid frå sommarles-forteljinga eller nokre rare og skumle dyr frå regnskogen de. Kom og sjå, då vel.

Vil du vite meir om Sommarles? Sjå altom.sommarles.no

Sommarles 2021