Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Kva skjer? > Leseknappen

Leseknappen

Biblioteket ynskjer å vere med å stimulere og auke interessa for bøker og lesing, og inviterer kvar vår alle 3. klassingane i Kvinnherad kommune til eit leseformidlingsprosjekt.

Leseknappen

Ta «Leseknappen»

Først besøker elevane biblioteket, som for mange av dei vil vere det første møtet med eit ekte bibliotek. Her får dei ein orientering om biblioteket og leseknappen. Dei får møte barnebibliotekar Susanne og dei får boktips og sjølvsagt låne bøker.

Etter besøket på biblioteket, får elevane eit lesekort med seg heim, samt ei forslagsliste over bøker dei kan lese. Barna står sjølvsagt fritt til å velje kva for bøker dei vil lese, men for å få «Leseknappen» må lesekortet fyllast ut med 10 bøker før det leverast på biblioteket (eventuelt på Bokbussen). Barna må lese bøkene sjølve, men det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.

Leseknappen er eit flott emaljert jakkemerke i fargar, utforma av Elisabeth Moseng, som også har illustrert fleire barnebøker.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon 53 48 27 70 eller e-post bibliotek@kvinnherad.kommune.no , og du er sjølvsagt hjartleg velkommen til å besøke biblioteket.

Dersom nokon mistar lesekortet før dei er ferdige, er det heilt i orden å skrive ned bøkene på eit ark – berre hugs å merke det med eleven og skulen sitt namn!