Her er du: kvinnheradbibliotek.no > Kva skjer? > Les for andre

Les for andre

Har du lyst til å bli Leseombod?

Eit leseombod les for nokon som slit med å lese sjølve. Det kan vere blinde og svaksynte, eldre, personar som har demens eller ei utviklingshemming, folk som kan lite norsk eller som sit i fengsel. Nokre leseombud er tilsett ved ein instutisjon, andre er frivillige som kjem på besøk. Som leseombod får du ein startpakke fra «Leser søker bok» med lesetips. Det er vanleg at leseomboda les til ei fast tid kvar veke.  Men du vel sjølv kven du vil lese for, kor mykje- og ofte du vil lese! 

Som leseombod gjer du gode opplevingar til menneske, og opnar opp for viktige samtalar for deg og den du les for!

I Kvinnherad har vi for tida leseombod på fleire institusjonar, som m.a. Halsnøytunet og Husnestunet. Vi ynskjer også leseombod som kan lese for innvandrarar, blinde og svaksynte og psykisk utviklingshemma. Det er heile tida behov for nye leseombod, så har du lyst til å bidra, ta kontakt med biblioteket og spør etter Trude Hege eller Hilde (ring 53 48 27 70)  Du kan også sende oss ein e-post til bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Eit sosialt nettverk

Som leseombod er du med i eit stort nettverk. Bok til alle-biblioteka arrangerer møter for leseomboda 2-6 gonger i året. Der kan leseombuda møtast og inspirere kvarandre. Det er både nyttig og givande å utveksle erfaringar og lesetips. Korleis fungerar lesestundane? Kva har du lese? Korleis har du lese? Har du møtt på problem?

Leseombuda vert invitert til årlege inspirasjonssamlingar i regi av Leser søker bok og fylkesbiblioteka. Samlingane gir fagleg påfyll og er eit fint høve til å treffe leseombud fra nabokommunar. Temaer på samlingane kan for eksempel vera stemmebruk, høgtlesing og forteljeteknikk. Ofte vert ein forfattar eller ein fagperson invitert til å halde føredrag.

I Boksøk finn du Noreg si største samling av lettleste og tilrettelagte bøker. Bøkene er delt inn i 6 forskjellege kategoriar, med kva sin fargekode. Det gjer det enkelt å finne ei god bok anten du har dysleksi, er ny i Noreg eller har ei funksjonshemming som gjer vanlege bøker tunge å lese.

«Leser søker bok«
Er ei foreining som hjelper forlag, forfattarar og illustratørar med å lage bøker som er lettleste og tilrettelagte. 30% av alle vaksne i Noreg slit med å få med seg innhaldet i ein vanleg tekst. Målet er at alle skal kunne lese og ha glede av gode bøker  – uansett lesenivå. Ingen skal vere utestengt fra gleden av å lese ei god bok!

Kontakt: post@lesersokerbok.no

Telefon: 22 54 75 00