Bokringar i haust

Bokringar i haust

Aktuelt   

Glad i å lese? Lyst til å dele lesegleda med andre? Bli med i ein bokring, då vel! Det er kjekt og sosialt, og du får møte andre leseglade menneske. Bokringane møtest ca. 1 gang pr månad.

Det er for tida 2 bokringar som møtest på biblioteket. Ein på tysdagar og ein på torsdagar. I tillegg er det 4 andre bokringar ute i bygdene knytt til biblioteket. Har du lyst til å bli med i ein bokring, eller starte din eigen bokring – ta kontakt med Trude Hege eller Anita på biblioteket.

Tysdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30: 11/9, 2/10, 6/11 og 4/12.

Torsdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30: 6/9, 4/10, 1/11, og 6/12.