Godt besøk på meirope bibliotek

Godt besøk på meirope bibliotek

Aktuelt   

Meirope bibliotek er populært i Kvinnherad. Meirope er eit fantastisk tilbod som gir lånarane tilgang til biblioteket heile året 08.00-22.00.

I heile 2017 var det 1536 som logga seg inn på meirope.

Så langt i 2018 (pr. 14. juni) er besøket 875, så om tendensen held fram vil besøket på Meirope auke i 2018.

Dette er talet på innloggingar, men vi veit at talet på besøk i ubetjent opningstid er mykje høgare, sidan dei fleste som kjem tek med seg andre inn.

Her kan du lese meir om Meirope bibliotek