Gamal vin møter ny: Bildøen og Erstad

Gamal vin møter ny: Bildøen og Erstad

Aktuelt   

«Gamal vin møter ny» er ein serie forfattarmøte på biblioteket i år, støtta av Fritt Ord, der ein forfattar med tilknyting til Kvinnherad trekkjer fram ein yngre forfattar.

Brit Bildøen og Veronica Erstad er først ute. Brit Bildøen er ein godt etablert forfattar og har faktisk tidlegare arbeidd på biblioteket. Veronica Erstad er ferskare i faget, og frå Rosendal. Dette kan berre bli kjekt! Velkommen!