Nordisk bibliotekveke

Nordisk bibliotekveke

Aktuelt   

13.-19. november er det nordisk bibliotekveke og då vil det skje litt av kvart på biblioteket. Både Morgongry og Skumringstime med høgtlesing for store og små, quiz og skattejakt og mykje anna.

I 2017 er temaet for Nordisk bibliotekveke «Øyer i Norden». Når det er som mørkast i dei Nordiske landa tenner vi lys og samlast for å lese og lytte til historier frå litterturen. I samband med Finland sitt 100-årsjubileum er det særleg fokus på litteratur frå Finland i år. Gjennom veka vert det lest høgt frå dei same bøkene. På biblioteket vil vi ha høgtlesing for både vaksne og barn. I tillegg vert det quiz, skattejakt og hobbyverkstad.