Kjekk tur til Tysnes

Kjekk tur til Tysnes

Aktuelt   

Onsdag 31.mai arrangerte Kvinnherad bibliotek, med støtte frå Den kulturelle spaserstokken i kommunen, tur til Tysnes.

Det blei Tysnes rundt med godt samansett program frå guiden vår, Knut Rage, tidlegare biblioteksjef i Tysnes og historikar.Vi starta med stopp på Årbakka, gamal handelstad og galleri. Her kunne vi kjøpe ferske vaflar og kaffi…og mykje anna.

Vidare vitja vi Onarheim kyrkje, der lokalhistorikar Olav Skjellevik held føredrag om samlinga av kongebiblar. Desse biblane er dei komplette originalutgåvene av dei såkalla dansk-norske kongebiblane. Olav Skjellevik fortalde og litt om historia til kalkomnen på Flakka. Etter dette gjekk turen til Våge, der vi besøkte Dokkemakarverstad Dokkegalleriet til Britt Skjellesvik Rage.

Dagen blei avslutta med god middag på Mandelhuset i Våge sentrum.Her takka Knut Rage for seg med å gje eit lite føredrag om lokalmannen og forfattaren Johannes Heggland.

Vi frå biblioteket takkar deltakarane for at dei ville dele denne dagen med oss. Stor takk og til guiden vår, føredragshaldar og …ikkje minst…Den erfarne og dyktige sjåføren vår Torgeir Øye.

Kvinnherad bibliotek v/Hilde Gry og Sonja